| Linker til ▬► [ HUSNES BEDEHUS ] [ Speiderene ] [ SVUSH ] [ Søndagskulen ] [ Husnes Indremisjonen ] [ Barnehagen ][ Babysong ] [ Indremisjonsamskipnaden ] [ Arrangement på Bedehuset ] [ www.krikhusnes.no ] [ VIDEO-galleri ]
GEORDIE - Oh LordPrøver med en musikkvideo her Nattcafe-sona … hope you like it :-) Trykk her for å spille video 16. mai 2009Eit 50-tals ungdommar tok turen oppom bedehuset på Husnes om kvelden 16. mai. Her kunne dei vera med på fleire ulike aktivitetar; Det var pilkast på ballongar, spiker nedi på færrast mulig slag og kor mange nonstop er det i glaset? Elles var det ein del som prøvde seg på kubbaspelet som me laga ein bane til på P-plassen. Inne kunne ein spele bilspel på storskjerm (Playstation med to Playseat) eller Nintendo WII. Bli med KRIK Husnes på ACTION!ACTION er ei veke i total livsutfalding i Bø i Telemark; Sommarland, idrett, Bibel og 1 000 andre ungdomar gjer dette til sommarens høgdepunkt for 22. år på rad… ACTION går i år av stabelen 22.-26. juni, under mottoet “Høyt og lavt”. I informasjonen frå KRIK heiter det m.a.: “Vi ønsker å formidle ærlig at livet har oppturer og nedturer. Selv som kristen… Og et liv med Gud handler om at Gud er med! På oppturene så vel som nedturene.” Nattcafé 3. april 2009På Nattcaféen på Husnes bedehus har me av og til folk på besøk som deltek med t.d. song, andakt, leikar o.l. Fredagen like før påske hadde me besøk av eit team med 10 ungdommar frå Os. Dette vart ein nokså spesiell og veldig flott kveld. Denne kvelden fekk mange av oss som var der oppleve at Jesus ikkje berre er ein død teori, men ein levande person som ønsker fellesskap med oss i dag! Fleire ungdommar gjekk til forbønn og fekk prate og be ilag med nokon av dei som var på besøk. Nokon opplevde faktisk at dei vart friske frå ting som plaga dei. Nokon opplevde at dei fekk hjelp til å tilgi urett som var gjort mot dei tidlegare. Nokre fekk legge frå seg noko som var tungt og vanskeleg. Nattcaféen
Følges av 6 medlemmer.
Nattcaféen og KRIK Husnes er to undergrupper av Husnes IUF (Husnes Indremisjons UngdomsForeining). KRIK Husnes har samlingar i gymsalen ved Undaarheim skule fredagar kl 18.30 – 20.00. Nattcaféen har samlingane sine på Husnes bedehus fredagar kl 21.00 – 01.00. Begge tilboda er for ungdom frå 8. kl og oppover. Mer om sonen Nattcaféen er en sone på Origo. Les mer Annonse | |||||||||||